Vil du jobbe med flyktningar i Ulvik herad?

Fagansvarleg flyktningkoordinator

Søknadsfrist: 31.10.2024

Oppstart: Snarast

Tilsetjingstilhøve: Fast 100%

 

Om stillinga

Integreringsarbeidet i Ulvik herad er organisert under helse og velferd, og skal samarbeide tett med andre kommunale tenester. Vaksenopplæring føregår på Voss, i regi av Voss herad.  Heradet har frå 2022 busett flyktningar frå Ukraina kvart år. Stillinga er sentral i oppfølginga av dei som er busett i heradet, og busetjing av nye flyktningar.

 

Oppgåver

  • Flyktningkoordinatoren skal hjelpa og rettleia flyktningar som vert busett i Ulvik, og
    vil vera ein viktig kontaktperson for den einskilde flyktning
  • Flyktningkoordinatoren skal planleggja og leggja til rette det praktiske ved busetjing,
    og hjelpa flyktningane med å etablera seg i eigen bustad
  • Flyktningkoordinatoren har ansvar for å administrere og føgje opp introduksjonsprogrammet
  • Flyktningkoordinatoren arbeide med tiltak som bidreg til at flyktningar etablerer seg i lokalsamfunnet på ein god måte, og kjem i gang med meiningsfull aktivitet.

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning er ynskjeleg
  • Relevant erfaring er ein føremon
  • Personleg eigna
  • Gode IT-kunnskapar
  • Sertifikat klasse B

 

Personlege eigenskapar

Me er ute etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, med eit fagleg engasjement og eit ynskje om å få til noko. Du bør ha god evne til å finne løysingar. Me er ein liten kommune og tilsette må ofte forholde seg til ein bredde i oppgåver og ansvarsområder som ein kanskje ikkje får i større kommunar – du bør ha evnen til å sjå moglegheitene og fordelane med dette, og bidra til at me klarar å utnytte at me er små for å levere betre tenester.  Du må kunne samarbeide og kommunisere med ei rekke fagområde og kollegaer.

Me kan tilby

  • Ein spanande jobb der du får høve til å forme eigen kvardag og bidra til tenesteuvikling innan feltet
  • Ein triveleg arbeidsplass i ei flott bygd
  • Kontorplass sentralt i bygda
  • Du blir del av eit fagleg og sosialt felleskap knytt opp til rus og psykisk helse, NAV, og Spira: barne og familieeininga.
  • Løn etter avtale og kompetansenivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordinga

 

Om arbeidsgjevar

Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 50 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, institusjonskjøkken, heimesjukepleie, fastlegelegekontor med daglegevakt, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, og flyktningtenester. Eininga har godt samarbeid med kringliggande kommunar i Voss lokalsjukehusområde. Ulvik herad jobbar for tida med etablering av eige barnevernstenester og PPT i ei ny barne- og famileeining der både oppvekst og helse er involvert.

Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i bakgrunn, utdanning og erfaring.

Om Ulvik

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .

Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)

 

Send søknad elektronisk her.

Merk med saksnummer: 24/1321

 

Kontaktperson
Torstein Kvåle Hellesnes 
Kommunalsjef helse og velferd

4000 7136 | torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no

Til toppen