Egenberedskapsveka - Kva om du vert utan straum i fleire dager?

Kraftig storm med vindkast i orkan styrke fører til omfattande skadar. Som følgje av skadar på kraftleidningar mistar tusenvis av husstandar straumen. Du bur midt i eit mørklagt nabolag, og ute er det 5 grader.

Når straumen går forsvinn ikkje berre lyset, men også elektrisk oppvarming. Ved større straumbrot blir prioritert liv og helse først, og det kan ta tid før du får straumen tilbake. Derfor bør du vera førebudd på å klara deg utan straum i fleire dagar.

Har du ei varmekjelde som ikkje er avhengig av straum? Alle husstandar bør ha ein plan for korleis ein skal halda varmen ved langvarig straumbrot. Om du ikkje har ei varmekjelde, så bør du ha oversikt over kva som finst av varme klede, pledd og soveposar i huset. Om det er vanskeleg å finna gode alternative varmekjelder kan du avtala med naboar, familie eller venner om å gi deg husly.

Ein må også hugsa på at når straumen går, er det ikkje berre varmen som forsvinn, du har heller ikkje lys. Har du ei lommelykt/hovudlykt med ekstra batteri. Har du oversikt over kvar du har stearinlys og fyrstikker?

 

Du testar eigenberedskapen din på sikkerhverdag.no

Til toppen